flogekastekurs_sone3
Foto: Jan A. Vinje

Lørdag 21.04 vart det arrangert flogekastekurs i Etneelva. Det var fint ver og godt oppmøte. Kurset vart arrangert
i eit samarbeid mellom EJFF, Baardsen og Nordic Outdoor. Det var mogleg for alle å prøve utstyr i alle prisklassar. Lørdagen gjekk med til kastetrening i sone 3, både med einhands og tohands stenger i ulike prisklassar.
Søndag 22.04 vart det kurs i praktiske saker slik som val av snøre og fortaum, spleising av liner m.m.
 

monica3-flogekastekurs-2007
Foto: Jan A. Vinje

Monica Svendsen i full konsentrasjon.

anders-og-aasmund
Foto: Jan A. Vinje

Deltakerane på kurset var både nybegynnarar og "gamle traverar". To av dei nye var Åsmund Hovda og faren Anders.
 

stort_utval_fiskeutstyr
Foto: Jan A. Vinje

Det var mykje utstyr å få prøvt - i alle prisklassar

litt_teori
Foto: Jan A. Vinje

Det var ikkje berre å kaste - litt teori måtte også til.

vegar_kiosk
Foto: Jan A. Vinje

Vegar Grumheden (formann i Fiskeutvalet) serverer litt å bite i. Han har litt vanskar med å rekne ut kor mykje vekslepengar han skal gi igjen. Det er lenge sidan han gjekk på skulen!

instruktorar_drikk_kaffe
Foto: Jan A. Vinje

Instruktørane tar seg ein pause . . .

god_suppe
Foto: Jan A. Vinje

Roy Martin Øyjord hadde tatt på seg ansvaret med å lage mat til kursdeltakerane. Valet falt på betasuppe. Den var god og falt i smak hos alle.

instroktorane_samla
Foto: Jan A. Vinje

Alle instruktørane samla. Frå venstre: Sindre, Terje, Ove og Frode.