Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Hugs desinfiserings-/kontrollkort !

Vi oppmodar alle om å få ordne seg desinfiserings-/kontrollkort før fiskestart!

Etter ein kontroll med nokre fiskarar kvelden 3. juni registrerer vi at det er mange
som ikkje har desinfiseringskort og/eller kvittering på betalt Fiskeavgift.

Det er viktig å vera klar over at det er krav om kvittering på betalt desinfiseringskort
og Fiskeavgift før det er tillatt å fiske i Etnevassdraget.

Kravet gjeld også for fiskarar som kun fiskar i Etneelva og/eller som ikkje har fiska andre elvar i år.
For desse er det ikkje krav om at utstyret skal desinfiserast, men desinfiserings-/kontrollkortet må likevel
alle skaffe seg. Desinfiseringsstasjonen er på Etne Camping.

Årsaken til kravet er at fiskaren skal ha eit bevis dersom det skulle bli kontroll frå Statens fiskeoppsyn.

Hugs også at Fiskeavgifta skal betalast!