Invistasjon frå Øystein Skaala, mottatt på epost torsdag 21.01.

"Status for fiskefella I Etnevassdraget

Etnevassdraget er av Stortinget utpeika som eit nasjonalt laksevassdrag der villaksen skal ha særskilt vern. Mengda av rømt oppdrettslaks i vassdraget har uroa både fiskeri- og miljøforvaltinga sidan registreringane starta på slutten av 1980-talet. Etne elveeigarlag har ved fleire høve etterlyst tiltak mot rømt oppdrettsfisk i vassdraget.

Fiskeridirektoratet etablerte i 2010 det nasjonale pilotprosjektet Prioriterte strakstiltak for sikring av anadrome bestandar av laksefisk i Hardangerfjordbassenget i påvente av langsiktige forvaltingstiltak. I dette pilotprosjektet inngjekk arbeidet med å prøva ut om den nordamerikanske laksefella Resistance Board Weir er eigna for å stoppa oppvandring av rømt oppdrettslaks, noko som ikkje har vore muleg med dei tiltaka ein har prøvt tidlegare. Resultata er oppsummert i vedlagt rapport. Resultata har vist at fella har mange positive funksjonar og at  behandlinga av fisken på fella ikkje påvirkar fisken sin ”bitevilje” .  Det er vist at fella stoppar nær på all oppdrettsfisk som er på vei opp i elva. Smittetesting i 2014 viste at  mykje av den rømte fisken var smitta med PRV eller PD. Fella har også generert data på villaks og sjøaure som er unike i nasjonal samanheng.

Det 3-årige pilotprosjektet vart avslutta som planlagt hausten 2015 og frå elveeigarar og forvalting er det reist spørsmål om kva som skjer vidare med aktiviteten i Etnevassdraget. Havforskingsinstituttet har vedteke å vidareføra drifta av fella som ei nasjonal forskingsplattform for rømt oppdrettslaks, villaks og sjøaure. Ein viktig føresetnad for dette er positiv interesse lokalt og hos villaksforvaltinga, og at det lukkast å fullfinansiera drifta.  

Som ledd i prosessen vil Havforskingsinstituttet halda eit informasjonsmøte om dette i Skakkesenteret, Etne, tysdag 26. januar kl 19-21.

Vi ser fram til å høyra Dykkar syn på planane.

Med helsing

Dr. Øystein Skaala
Prosjektleiar
Havforskingsinstituttet
Postboks 1870 Nordnes
5817 Bergen
Mobil: 476 27 878
www.imr.no"


Dagsorden

Tid

 

 

1900 - 1930

Havforskningsinstituttet

Velkomen

Erfaring med fiskefella, plan vidare

1930 – 1945

Miljødirektoratet v/Fylkesmannen

Fella i Etne og overvaking av villaks og sjøaure

1945 – 2000

Norges Jeger- og fiskerforbund

Synspunkt på fiskefella i Etne

2015 – 2030

Etne elveigarlag

Kva no ?

2030 – 2100

 

Kaffi, spørsmål og diskusjon

2100

 

Møtet slutt