Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ingen endringar i fisket

og uendra fiskereglar

Styret i Etne elveigarlag har gjennomført midtsesongevaluering og det blir ingen endringar.

Styret har i år valgt å bruka Fylkesmannen sin modell for berekning av gytebestandsmål. Det er det einaste rette. Ved å legge inn kjente data frå fella og laksebørs finn ein at måloppnåinga blir omlag 200 % dersom ein føresett at det i år er sein oppgong, noko som er ei fornuftig vurdering. 

Det har vore sjeldan varmt lenge med svært låg vassføring. Sett i forhold til været er ikkje oppgongen så aller verst. Det viser seg også - som tidlegare år - at fangsttala er låge på slik vasstand.

Det blir observert mykje fisk i fjorden og det er stor grunn til å tru at når elva stig og får litt farge så kjem laksen og vil opp i elva.

De kan sjå fram til spennande fiske de som har fiskedøgn når vatnet kjem, for det kjem, heilt sikkert ein gong ..