Foto: Jan A. Vinje |
Nye fiskarar skal lærast opp ..
Tom Hardeland, ihuga makkafiskar frå EJFF, hentar fram gamle kunster og viser dotter si kunsten med speykast. Litt rusten Tom ? ..
Foto: Jan A. Vinje |
Øving gjer meister
Thomas Lien frå EJFF begynner å få taket på kastinga. Snørebukta vart ofte stram og fin og lengden kom etter kvart.
Foto: Jan A. Vinje |
Fersk laksefiskar
Nilar Arne Ramsvik frå EJFF debuterte som laksefiskar i fjor og har etterkvart forstått at skal han bli tatt på alvor så må han læra seg flogefiske ! Han har lovt å øve mykje før sesongen begynner. Herved er vi advart !
Foto: Jan A. Vinje |
Stort utval flogestenger
Det skal ikkje står på utstyret. Frode Pedersen frå Salar Sportsfikse, hadde med seg mange stangfabrikat i ulik storleik og prisklasse.
Foto: Jan A. Vinje |
Demostrasjon av kasteteknikkar
Ein instruktør frå Guideline demonstrerte ulike kasteteknikkar som gjere flogefiske meir spennande og gir større håp om fangst ..
Foto: Jan A. Vinje |
Mat må til
Vegar Grumheden, leiar av fiskeutvalet i EJFF, hadde tatt ansvaret for å skaffe grillkol og fyre opp grillen. Frode Pedersen spanderte pølser til alle som ville ha.
Foto: Jan A. Vinje |
Heile sonen i bruk
Heile sonen vart tatt i bruk for at kursdeltakerane skulle få prøve utstyr og få instruksjonar.
Kjem til Villmarksmessa 20. - 21. april
Innehavar Frode Pedersen av Salar sportsfiske kjem til Villmarksmessa neste helg og har lovt å ha med seg gode tilbod på fiskeutstyr i alle prisklassar. Møt opp, kanskje du kan gjera eit godt kjøp !
Det vil bli montert kastebasseng ved fotballbanen slik at alle kan få prøvt flogestenger. Kastekonkurranse blir det også ..