Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Lurte laksen på floge

I strålande sol og 25 varmegrader på føremiddagen fredag 26. juni lurte Frode Pedersen ein 5,4 kilos laks i sone 3. Han måtte opp i synk 6-7 snøre for å komme djupt nok under terskelen, og lokkemiddelet i det fine veret var ei rød flue. Dei som kjenner Frode veit at han er ein svært så aktiv laksefiskar. Etne og Vikedalselva er han innom jamnt og trutt i løpet av sesongen.

Det er godt gjort å dra på land ein så stor laks te å vera så liten mann.
I same sommarvarmen fekk og Arne Gravelsæter ein nygått laks i sone 10 på 6,8 kilo. Så heilt umulig er det tydelegvis ikkje sjølv om sola steiker.