Det er siste året i fiskefelleprosjektet, men vi er gjort kjent med at det blir arbeida med å forlenga prosjektet. Styret har drøfta dette og er imot at prosjektet blir forlenga på dagens lokasjon og med dagens fellekonstruksjon. Vi håper på ein open og konstruktiv debatt.

Som de veit vart det ikkje arrangert Villmarksmesse i år, men det er planlagt ei sport- og fritidsmesse til neste år. Vi har tidlegare tatt oss av logitiskken på messa, men årsmøtet gav tydeleg tilbakemelding på at innsatsen ikkje stod i forhold til gevinsten og dersom ingen medlemmer meldte seg til å delta i arbeidsgruppa og ta ansvaret for logistikk så ville vi ikkje lenger ta på oss dette ansvaret. Dersom nokon likevel ynskjer å vera med i arbeidsgruppa, samt ta ansvaret for logistikken, er dettte siste tjangs før vi melder tilbake til kulturhuset at vi ikkje blir med vidare.

Styret håpar på god oppslutnad slik at vi får gode diskusjonar om aktivitetane i foreininga.

Vel møtt.