Sakliste:

1. Val av møteleiar
2. Uttale om endring av fiskereglane for elva, alt. stenging av elva for resten av sesongen med umiddelbar virkning.
3. Endring av grense elv/sjø i elvosen.
4. Evt. andre saker.

1. Vidar Børretzen vart valgt til møteleiar
2. Vidar Børretzen presenterte ein modell som slår fast at gytebestandsmålet på 1.025 kg hofisk etter stor sannsynlighet vil bli oppnådd for Etneelva. Det vart også drøfta om det skal innførast endringar i fiskereglane.

Fellesmøte vart einige om å fremje forslag til e.o. årsmøte om ikkje å stenga elva før planlagt fiskestopp den 15. august og å oppfordre fiskerar til å setje ut att hofisk over 80 cm med verknad frå 1. august.

3. Det har i mange år vore uklart kor grensa elv/sjø bør vera.

Fellesmøte vart einige om å gi Vidar Børretzen og Øyvind Jacobsen fullmakt til å ta kontakt med Etne kommune for å få fastsatt ei ny grense for elv/sjø.

4. Av andre saker vart det informert om arbeidet som er gjort i å slå saman Etne elveigarlag og Sørelva elveigarlag. Arbeidet vil bli sluttført straks "Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag" er vedtatt.

Teljar er på plass i den nye laksetrappa i Håfoss og det er hittil passert 82 laksar.