Foredraget var fantastisk inspirerande og det satte ein spiss på det måten Kurt Oddekalv framførte
bodskapen på. Det er ikkje alle som er samd i den direkte måten han snakkar på, heller ikkje alltid ordbruken, men han engasjerar og har stor kunnskap om ulike miljøspørsmål.

Hovedbodskapen om korleis villaksen skal reddast er at oppdrett kun må skje i lukka anlegg i sjø. Han meiner det er den einaste måten å få bukt med rømingar og sjukdom på.

EJFF gav også ei gave på kr 10.000,- til Norges Miljøvernforbund for det gode arbeidet som blir gjort for å kjempe for villaksen.

Vi oppfordrar andre jeger- og fiskerforeningar, elveigarlag og andre til å gjera det same !