Det var stort oppmøte på fisketrekkinga lørdag 10.03. Over 30 frammøtte og omlag 20 fullmakter. Mesteparten av fiskedøgna til medlem vart difor trekte ut.

Stemninga var tydeleg på at det skal bli godt å kome igang igjen etter 2 år med fiskestopp.

I neste veke startar arbeidet med å fordele fiskedøgn til andre interesserte. Det har vore stor pågang hittil.

I samråd med krav frå Fylkesmannen må vi ta forbehold om resultat av midtsommarevaluering. Lat oss alle håpe at det ikkje blir så dårleg fiske at det blir naudsynt å stengje elva. Det vil vera ein gedigen nedtur for mange ..

Blir fisket som vi håpar på vil sesongen i år vera 2 mnd. (15.06 - 15.08). Blir det godt fiske vil det bli vurdert om vi til neste år skal opne for normal fiskesesong (01.06 - 10.09).

Skitt fiske !