Grunnlaget for vurderinga er ma. fangstresultat samanhalde med erfaringstal og føresetnader innarbeid i rekneark med tre alternativ : tidlig , middels eller sein oppgang. Alle tre svaralternativa viser god margin på gytebestandsmålet.

Stor vassføring søndag gjorde at tellinga berre omfattar omlag halvparten av sonene. Tellinga viser 83 storlaks, 98 mellomlaks, 54 tert og 130 sjøaure. Antall oppdrettslaks var lågt.

Eit forsiktig estimat for alle sonene pluss Sørelva peikar i retning av over 350 villaks. Fangstresultatet hittil har vore bra.

Erfaringar frå årets fiske vil danna grunnlaget for ein diskusjon om mulige endringar av fiskereglane for neste år.

EJFF synest tellinga er svært positiv, men fleire er overbevist om at antal fisk i elva er langt fleire enn det forsiktige estimatet på 350.