AlleSone2_1200px
Foto: Jan A. Vinje

Ein lystig gjeng

Frå Venstre: August Hjelmervik, Knut Åsheim, Jan A. Vinje, Vegar Grumheden, Knut Grindheim, Arne Ekrheim, Kjell Harald Hardeland og Arne Birkenes.

ArneSone2_1200px
Foto: Jan A. Vinje

Arne les dikt

Arne tok fram eit dikt skrive av Georg Nervik. Diktet vart laga for mange år sidan etter oppfordring frå EJFF.

KnutArneSone2_1200px
Foto: Jan A. Vinje

Arne Ekrheim og Knut Grindheim

Arne Ekrheim vart den heldige vinnaren av 1. premien på EJFF sin stand på Villmarksmessa i år. Premien var vadebukse og vadesko frå Guideline, levert av Salar Fiskesport. For å sikre at ikkje Knut Grindheim begynte å grine fekk han ein trøstepremie, ein pose med gullmyntar. Då vart alle nøgde.

VegarSone2_1200px
Foto: Jan A. Vinje

... vanskeleg å få fisk i dag ...

Slik ser Vegar Grumheden ut når han ikkje får fisk...

JanSone2_1200px
Foto: Vegar Grumheden

... veldig lett å få fisk i dag ...

Sidan arrangementet var for medlemmer over 60 år ville ikkje leiar Jan A. Vinje fiske dette døgnet. Når det stod att ein time spurte Vegar fint om Jan ikkje kunne vise oss korleis ein skal få ein fisk på land. Etter mykje om og men vart det akseptert. Nokre kast med spinnaren og fisken satt på kroken. Kjell Harald Hardeland stod fram som ein dyktig medhjelpar og fekk hova terten på 2,6 kg på land. Kjell Harald spurte fint om Jan ikkje kunne ta ein større ein også. Ok var svaret og 10 min. seinare måtte igjen Kjell Harald fram med hoven. Vekta viste 5,7 kg. Dei siste 40 minutta av døgnet prøvte Kjell Harald å kopiere Jan utan hell ...