Underteikna vart tilkalla av Kari Anne Rafdal, mor til Steffen og Albert. Dei trong litt instruksjon om skjellprøvetaking med meir. I den forbindelse spurte eg Kristian om han brukte lang tid på å landa fisken (eg ville trur 15-20 minutt eller slikt). "Ikkje så veldig lenge, ca. 2-3 minutt". Tøffe karar :-). At gjellende heng og sleng skyldast rett og slett at dei ville vera sikker på at dei tok livet av fisken.. Det er viktig med humane fiskarar !
Gutane på bildet er frå venstre: Ivar Ronæs (10 år), Steffen Rafdal (13 år), Kristian Silde (14 år), Albert Rafdal (11 år) og Eirik Silde (11 år).
Trykk på bildet for stort bilde.
Torsdag 07.07 landa Kristian ein storlaks på 7,8 kg i sone 2, fanga på spinnar. Ikkje rart kameratgjengen er stolte ! Nokre er alleride medlemmer av foreininga vår, andre blir det kanskje. Uansett så er dette bilde eit bevis på at det gror med laksefiskerar blant dei unge. Skitt fiske !