Det er over 2 år sidan det første gong vart snakk om å etablera fangstfelle i Etnevassdraget.

Styringsgruppa for ”Pilotprosjektet Hardangerfjorden” sette den gongen ned ei arbeidsgruppe som skulle arbeide med å finne fram til aktuelle leverandørar for fangstfelle. 


Oppdrettsnæringa lovte tidleg å betale for investering og drift. Lovnaden har dei gått tilbake på og dei har to gonger trekt seg heilt ut av prosjektet. 


Dei har blitt pressa inn igjen og etter at første arbeidsgruppe la ned arbeidet ved påsketider i 2012 var det lagt trykk på arbeidet i haust. Eit nytt fellestyre vart konstituert i november 2012. EJFF tok straks kontakt med leiar av fellestyret og fulgte opp tidlegare førespurnader om blant anna kva for faglege vurderingar som låg til grunn for val av sone 3. Vi ba også om at alternativa vart grundig utgreia.

Øystein Skaala har fått jobben med å vera prosjektleiar for fylgjeforskninga knytt til fangstfella. Prosjektleiinga for montering og drift vil fellestyret ha ansvaret for. Vi hadde kontakt i midten av desember og vart einige om å treffast i Etne i romjula og fredag 28.12 var vi på synfaring nede i sone 2 og oppe i sone 1B. Konklusjonen vart at Øystein skulle sørge for at det vart gjennomført kartlegging av botnprofil og straumforholda på nemnde lokalsjonar. Sjå bilder frå synfaringa her.



Onsdag 16.01 treftes vi igjen og ved hjelp av to feltbiologar frå UNI Miljø vart tre lokasjonar kartlagt. Nede i sone 2, oppe i sone 1B og etter innspel frå fleire medlem, framom grisehuset i sone 4. Straummålingar vart også gjennomført på dei same lokasjonane, også i sone 3. Med bakgrunn i faktabasert vurdering av aktuelle lokasjonar vil ein om ikkje lenge måtte bestemme lokasjon. Bilder frå kartlegging i sone 1B/2 finn du 
her. og bilder frå kartlegging i sone 4 finn du her.

Fangstfella vart bestilt i romjula og planen er å få montert fella i vinter/vår. Tidlegare er det sagt at leveringstida er 4-6 mnd. På grunn av sein bestilling betyr vel dette at produksjonstida må ned og at det kan bli naudsynt med flyfrakt, noko som vil bety 100-200’ i ekstrakostnader.

Leverandøren av fella vil med bakgrunn i nye fakta gi tilbakemelding med kor han meiner er beste lokasjon, helst også med alternative lokasjonar. Deretter må vi bli enige lokalt.

EJFF si rolle er ifylgje Øystein Skaala heilt avgjerande for at vi skal klare å gjennomføra prosjektet. Øystein er krystallklar på at måten vi er halt utanfor prosjektet er ”hårreisande” og under einkvar kritikk. Alv Arne Lyse er like kritisk.

Det er av personar lokalt sett ut usanne rykter og udokumenterte påstander om at EJFF arbeider imot fangstfella.

Sanninga er at EJFF har vore ein pådrivar for at det skal etablerast ei fangstfelle i Etne. Det kan dokumenterast ! At vi stiller krav til at vurderingar og prosessar blir basert på fakta skulle berre mangle. Vi stiller også krav til at prosjektet blir profesjonelt gjennomført. Dette vil vera avgjerande for om prosjektet i det heile tatt kan gjennomførast !

EJFF må ta omsyn til fleire forhold som må vera med i vurdering av etablering av fangstfelle og val av lokasjon:

- Villaksens ve og vel
- Krav til at fella blir plassert på beste lokasjon
- Krav til at fella blir tilpassa forholda i elva
- Sørge for at fella får minst mogleg ulemper for fiskarar
- Krevje garantier for økonomisk kompensasjon for ulemper fella vil ha for grunneigar og fiskerettshavar
- Halde fast med vårt gode forhold til Norskog
- Krevje at ulempen for våre medlem blir så lita som mogleg
- Høyre på våre medlem sine synspunkt og fylgje fleirtalet

- Krav til ei forsvarleg finansiering og ordning for drift og vedlikehald