"Fiske etter laks kan fortsetja med same fiskereglar, men total årskvote
vert nedjustert med 30% til 700. Dette med bakgrunn i at oppgangstal er
vesentleg dårlegare enn forventa då årsmøtet gjorde vedtak om årskvote
på 1000. Me oppmoder og til gjenutsetting av stor ho laks

Det vert ikkje opna for fiske etter aure. Årsmøtevedtak om fiske etter
aure inneheld ikkje mandat til styret for å vurdere opning ved
midtsesong, og er derav heller ikkje blitt vurdert. Fiske etter aure får
bli ein diskusjon for 2024 sesongen ved neste årsmøte.

Vedlagt er andelsfordeling med justert kvote (700) for 2023. Det er
oppgitt kvote pr andelseigar, og det er kvar enkelt sitt ansvar å sørge
for at kvotar blir formidla og etterlevd.

Vedlagt er og skjema som går til Statsforvalter, samt underlag som vart
nytta ifbm evaluering.

Tilslutt ei litt kjedeleg sak. Det har kome ein del klager på manglande
rydding og tilrettelegging i ein del sonar, samt utedo som er særdeles
lite innbydande. Anbefaler alle å ta ein ekstra innsats i sine sonar.

mvh
Styret"