Det er over 2 år sidan det første gong vart snakk om å etablera fiskefelle i Etnevassdraget. Det har tatt alt for lang tid, men i oktober i fjor vart det skriven avtale om etablering og drift av fiskefelle, avtalen finn du her. Sidan november i fjor har eit nyetablert fellestyre sett fart på arbeidet. Det synest vi er flott !

Straks fellestyret var etablert har EJFF engasjert seg i prosjektet og meldt inn at tidlegare kartlegging var ufullstendig og mangelfull. Å installere fiskefelle i sone 3, kanskje den mest attraktive fiskesonen i elva, meinte vi var forhasta. Vi meinte fleire lokalitetar burde kartleggast, der også kartlegging av botnforhold og straumfart vart gjennomført.

I januar vart denne kartlegginga gjennomførtt av Øystein Skaala, saman med to feltbiologar i dykkardrakt frå UNI Miljø. Resultatet av kartlegginga finn du her.

Det betyr at vi endeleg kan diskutere eigna lokalisering av fella med bakgrunn i fakta.

Med bakgrunn i kartlegginga har vi fått stadfesta frå fellestyret at Sone 3 (15 m ovanfor Enge bru) og sone 4 er aktuelle lokalitetar. Dette er kvalitetssikra med leverandøren av fiskefella.

Medlemsmøtet var svært positive til fiskefella og svært mange var interessert i å hjelpe til med å drifte fella. Det trur vi er heilt avgjerande for at prosjektet i det heile skal la seg realisera. Vi vil prøve å få kartlagt omfanget av driftinga så snart som råd for deretter sjekke ut om budsjettet i avtalen er forsvarleg.

Dette betyr at EJFF igjen tar ansvar for villaksen og forvaltning av etneelva og vil gjera det vi kan for at fiskefella blir montert i år. Fella kjem til Etne medio mars og det må utførast førebuande arbeid før denne tid. Difor hastar det.

EJFF vil arbeide for at fella blir plassert i sone 4 og at prosjektet yter grunneigar (-ar) og fiskerettshaverar fornuftig økonomisk kompensasjon.